Hopp til innhald

NGC 1300

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NGC 1300

Hubble-bilete av NGC 1300
Observasjonsdata (epoke J2000)
StjernebileteFloda
Rektasensjon03t 19m 40,80s[1]
Deklinasjon-19° 24′ 40,0″[1]
Avstand69 millionar lysår
Typestavspiralgalakse
Serskilde trekkveldefinert stavspiralgalakse
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar

NGC 1300 er ein stavspiralgalakse som ligg rundt 69 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Floda. Han er rekna for å vera prototypisk for stavspiralgalaksane. Galaksekjernen til NGC 1300 har sin eigen spiralstruktur omtrent 3300 lysår lang. Berre veldefinerte stavspiralgalaksar, slik som NGC 1300, ser ut til å ha slike.